Pullman Publishing samarbeider med Vestre Slidre Husflidslag

Pullman Publishing sendte i haust ut eit tilbud til alle husflidslaga i landet på kjøp og vidaresalg av den nye boka til sykollektivet Fæbrik, Kids- sy til barna som skal ta over verden. Husflidslaget i Vestre Slidre meldte tidleg si interesse, dei kjøpte inn bøker for vidaresal til sine medlemmar, unge og eldre som ønsker å sy. I oktober var også styret på besøk til forlaget og den nye butikken til Fæbrik i Oslo.

"Vi bur i eit langstrakt land, med mange små bygder der det er mykje kompetanse innan husflid. Denne kunnskapen ønsker vi å formidle vidare til nye generasjonar med syarar," seier Inger Johanne Fjøsne, leiar i Vestre Slidre Husflidslag. "Vi er ikkje landets største husflidslag, men det er viktig for oss å få fram at også små husflidslag er viktige i vidareføringa av sytradisjonen og gjenbruk av tekstilar. Vi kjenner oss godt igjen i det Fæbrik held på med."

Husflidslaget har 44 medlemmar og har vekentlege møter..

"Husflidslaget har dei siste åra hatt fokus på Ung Husflid og har fått 150 000 av DNB Sparebankstiftelsen. Det første året kjøpte vi inn symaskiner og anna relevant syutstyr og no i det andre året har vi fokus på å marknadsføre det vi held på med lokalt," avsluttar Fjøsne.

https://www.norli.no/boker/hob...